A- A A+

sof

Øvste leiar for Regjeringsadvokaten er regjeringsadvokat Fredrik Sejersted, som etter instruks for Regjeringsadvokaten er utnemnd av Kongen. Elles er assisterande regjeringsadvokat Tolle Stabell, administrasjonssjef Anita Wattum og fire advokatar med leiaroppgåver, med i leiinga hos Regjeringsadvokaten.

Hos Regjeringsadvokaten arbeider 37 juristar (advokatar og advokatfullmektigar) og 20 administrativt tilsette.

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre rettssaker på vegner av staten, i tillegg til å gje fråsegner om juridiske spørsmål. Klientane til Regjeringsadvokaten er statlege organ, det vil seia regjeringa, departementa og deira underliggjande etatar. Kommune og fylkeskommune er ikkje klientar hos oss. I avgrensa utstrekning kan Regjeringsadvokaten også representere statlege tenestemenn personleg i saker som har tilknyting til tenesteutøvinga.

FaLang translation system by Faboba